OPERASJEFEN
Tendens møtte han ein overskya føremiddag i mai 2021 på Cafè Norge si uteservering. Temperaturen var god, og folk tok pulsen på livet. Det var håp i lufta fordi vaksiner var på veg til å friskmelde samfunnet.
Det er alt anna enn ekstravaganse med Eivind Gullberg Jensen. Her aner ein mykje godhug for folket, byen og kunsten.
Eivind Gullberg Jensen har ein ordstraum av godhet for vestlendingen og nordmenn generelt. Nordmenn oppfører seg fint og er ukompliserte, det gjeld både i fotballen så vel som i musikkverda. Og kanskje er det nettopp vestlendingen i han som inspirerer til å ha beina godt planta på jorda? Den verdskjende dirigenten er jordnær og ujålet, sjølv med solid grunn til å sole seg i glansen av ein tung internasjonal karriere. Nå gler han seg over å veksle mellom lokale og globale impulsar som operasjef i heimbyen Bergen. Kunstneriske krefter arbeider saman i team. For det er i samspel at ein klarar å få fram dei gode forteljingane, fortel han.
Kva er opera?
Operaen er den mest optimale kunstform og samanfattar musikk, teater, song, dans, design etc. Alt møtes i operaen.
Oppsetjingar kan vere komiske, dramatiske og tragiske. I tillegg til val av tekst og musikk er sjølvsagt det visuelle arbeidet med design, lys og scenografi svært sentralt for å røre ved publikum sine kjensler.
Kva er nerva i god scenekunst og kva visjonar har du som operasjef?
Nerva er at ein vert gjensidig inspirert og at resultatet vert betre enn nokon av dei impliserte partar hadde sett føre seg.
Nøkkelordet er samarbeid og det å hyre inn gode kunstneriske krefter til eit team. Val av regissør, repetoar og solister er avgjerande. For å gjere sjangeren tidsaktuell må me ha høge krav til tekst i tillegg til musikken.
Opera er fantastisk musikk, men det er også drama og sogeforteljing. Me vil fortelja historier til publikummet vårt som engasjerer og rører. På den måten ynskjer me å nå eit større publikum.
Korleis kan opera nå dei yngre?
Eg tenkjer at opera i utgangspunktet er ein veldig folkeleg sjanger. Internasjonalt er det eit yngre publikum enn ved dei klassiske konsertane. Dette må me freista kommunisera til Bergen.
Me startar opp eit akademi på Oseana for unge operasongarar. Det blir også familieopera som skal bli ei juleforestilling i 2022.
I Bergen er me kjende for å ha eit godt kunstakademi, men kva tenkjer du om samarbeidet med næringslivet, er kunstscenen progressiv nok?
Eg er heilt klart bekymra for økonomien og ser det som ei viktig oppgåve å få etablert ein aksept for at opera er kostbart. Det nye musikkteaterhuset blir viktig og eg ser fram til å følgje denne prosessen. Med dette bygget på plass vil me få bygningar som snakkar saman og som vil utgjere ein kreativ infrastruktur i byrommet. Eg tenkjer særlig på samspelet mellom det nye huset, sjølve Grieghallen og Nygård skule ( Griegakademiet). Aktiviteter og arrangement her vil verka positivt inn på til dømes hotell- og restaurantnæringa.
Kva kunstnerisk retning tenkjer du for det nye musikkteaterhuset?
Det kjem til å revolusjonera kulturtilbodet i Bergen at me får ein scene som er skreddarsydd for akustisk song og musikkteater. Byen skrik etter dette.
Når huset står på plass kan me etter kvart intensivera produksjonar og gjera opera som ikkje høver i Grieghallen.
Kva tenkjer du om å arbeide her heime kontra det store utland?
Me nordmenn er jordnære og ukompliserte, og her i Vestland er me meir verdsvande enn ein kanskje trur. Hansatida er eit historisk døme på vår internasjonale teft. Me er vant til å vende blikket utover. Og det er fint! Eg kjenner ikkje på den store skilnaden i måten å arbeide på utenlands og her heime.
Kontrastar skal ein i så tilfelle spele veksler på her hos oss. Impulsar frå utlandet er viktig.
For å tiltrekke publikum og ikkje minst rekruttere tunge internasjonale solister til Bergen, er det fantastisk å kunne spele på den storslåtte vestlandske naturen vår.
Saka er laga av: Trude Vaaga, redaktør i Tendens
Foto: Portrett, Mat Hennek / Grieghallen, Dag Sverre Sandven