POLITI
HUMOR PÅ ALVOR: Det er interessant å gå i teater om dagen, særleg når saka om politivald i Bergen vert sett opp som ein “True crime” komedie på Det Vestnorske Teateret. Ei framsyning som kaster lys over ei brutal historie frå det offentlege rom. Som Dagsavisen skriv om framsyninga: “En true crime som knapt er til å tro”.
Ettersom den relativt ferske teatersjefen skiltar med djup kjennskap til norgeshistoria sine verste justismord, og har nytta heile sin teaterkarriere til å studera rettstryggleik, låg framsyninga “Politi” berre og venta på å bli laga og spela. Allereie i fjor haust kom Thomas Bye med eit kraftig hint om kva publikum kan vente seg dei neste åra i teatersalen på Det Vestnorske, då han introduserte seg sjølv med monologen “0+0=4”. Nå spelar del 1 i trilogien “Politi” fram til 2. mars. Manusforfatter og regissør Aslak Moe har laga ei kompakt (takk!) framsyning som gir eit godt innblikk frå fyrste periode av politivoldsaka i Bergen. I den fyrste delen av trilogien får ein innblikk i sytti- og åttitalet. Som teateret sjølv skriv i ei pressemelding: Ho hadde si spede byrjing tilbake i 1971, og i 1981 kom juristen Edvard Vogt og jusstudenten Gunnar Nordhus ut med ein omfattande rapport, som hevda at det var omkring 360 tilfelle av politivald i Bergen, årleg. Den sjokkerande rapporten slo ned som ei bombe og blei møtt med kraftig kritikk.
MUNTERHET + ETTERTANKE: Det er underfortalte moment i historien som vert løfta fram i lyset gjennom denne kunstneriske inngangen som det teateret gir. Og sjølv med muntre innslag klarer framsyninga å få fram det alvoret som ligg i sjølve spørsmåla: Var det verkeleg ein kultur for vald i bergenspolitiet? Meinte politifolka at dei var heva over lova? Eller var kritikken konstruert av «kvasi-forskarar» som ønska å sverte alle som sit på makt? Vidare kan ein undre seg: Korleis blir ein møtt av overmakta i dag? Del 1 speglar politiet for 50 år sida, kva nå?
KUNSTEN SI ROLLE: Kanskje er det vågalt å lage teater av slikt? Men det viser seg gong på gong at tradisjonelle debatter i det offentlege rom ikkje alltid er nok til å få folk til å vakne og til å kaste lys over urett. Teaterframsyninga “Politi” er ein sterk måte å kommunisere politivaldsaka på. Sjølv om ikkje denne del 1-framsyninga avdekker eller konkluderer noko særskild, tvinger den fram store spørsmål til ettertanke. Dei bør i grunn vere nok til å følgje trilogien vidare. God framsyning!
Du kan oppleve den på Det Vestnorske Teateret tysdag til laurdag til og med 2. mars.
Av: Trude Vaaga. Foto: Andreas Roksvåg