EIN HYLLEST TIL KVARDAGEN -og vestlandskulturen!
Det er hot å vere vestlending og den prisvinnande skodespelaren Henrik Mestad veit å nytte seg av nettopp det. Stykket med tittel Alle fantastiske ting er skreddersydd oss i vest, både når det kjem til innhald og målføre. Og det likar me!
På kav Bømladialekt er det ingen tvil om at me trur på gleda han deler over det å trekke teiner eller å sitje på det vesle kjøkenet saman med foreldra på Rubbestadneset - kor mor spela på piano.
I Tendens har me jobba mykje med å inspirere dei unge til å sjå verdien av kulturarva vår: Den storslåtte naturen, det gode gamle håndverksfaget og verdien det har å stoppe opp og ha tid til å reflektere. Me er bekymra for overflodssamfunnet som byr på stress gjennom uendeleg mange valmogleheiter Er me på veg bort frå det trygge? Kva verkøtykasse har dei unge når det kjem til å takle livet sine store og små utfordringar? Tendens var heldig å vere på premieren til Alle fantastiske ting - ein komedie som nettopp tek for seg kva som veg tyngst når livet er på det mørkaste. Og kanskje er dette ei særskild påminning med tanke på ungdomane våre? Etter framsynigna fekk me ein prat med skodespelaren sjølv.
Alle fantastiske ting er ein komedie som dreg oss inn i livet til en 7 år gamal gut som gjer det til eit livsprosjekt å muntre opp den djupt deprimerte mora si frå å ta sitt eige liv. Mora er på sjukehus og far seier ho “har gjort noko dumt” . Så lagar guten ei liste over alle fantastiske ting i verda. Ting som skal gjere livet til mora verdt å leve og som kan muntre henne opp. Lista er også ei nødvendig motvekt frå alt det vonde guten kjenner på og bekymrer seg over.
Tidsreisa fram til guten sin vaksne alder er prega av ei djup sorg og redsle, men likevel sprett karakteren inn og ut av dette mørke ved å leite fram alt som kan vere fantastisk ved livet. Fortel!
Forteljinga er ein hyllest til det enkle og kvardagslege, og til det tilsynelatande ubetydelege. Døme på dette er å sykle i nedoverbakke eller å trekkje nokre teiner. Dette er altså ei feelgood framsyning, som trass i eit dystert bakteppe, feirer livet.
Kva vil du seie er det mest essensielle i forteljinga?
Det som er fascinerande er at ein midt i ein alvorleg livssituasjon faktisk kan få auge på noko fint. Og at dette ofte handlar om det kvardagslege. Guten søker alt det som er vakkert og fantastisk og skriv det ned på lista si. Til inspirasjon for mora, men like mykje for å redde seg sjølv frå å bli deprimert. Han har ei redsle for det.
Kva er bodskapen slik du ser det?
Det er litt underfortalt kanskje, men stykket gir oss ein peikepinn på at ein treng nokon å snakke med i tunge stunder, og at eit offentleg hjelpeapparat nok mangla i guten sitt høve. Denne guten var 7 år på 80-talet og kanskje mangla det eit system for bearbeiding av sorg den gong?
Konklusjonen i stykket er nok at denne lista ikkje var eit godt nok verktøy for han. I vaksen alder må han bearbeide heile livslinja si hos ein psykolog.
Kva tenkjer du om barn som veks opp i dag?
Kanskje er ein litt redd for kjensler i dag? Det er så viktig å lære seg å setje ord på kjensler. Alle har det tilsynelatande godt. Det er eit veldig polert samfunn me lever i. Det er jo slett ikkje slik røyndomen er. Me treng nok å minne oss sjølv på dette, særskild med tanke på det overflodssamfunnet med lever i.
Det er ei håpefull forteljing dette her. Skal ein alltid halde fast ved eit håp tenkjer du?
Å, ja! Me må sjå oss kring. Og det er ofte dei enkle og heilt elementære tinga ein treng halde tak i når livet er som tyngst. Og så må ein aldri gløyme at gleda fins i det vesle enkle. Det å samle seg rundt eit matbord, slik ein kanskje gjorde mykje meir av før i tida. Eller som eg skildrar i stykket kor fantastisk det er å trekke nokre teiner.
Kva tykkjer du er best med Bergen då?
Bergen er som ein landsby, her er så mykje å sjå på ei og same tid. Eg er så fascinert av dette industrieventyret ein ser i alle store fiskefartøy, samstundes som det er ein slik pulserande by der musikk, litteratur og teater er framtreiande. Denne kontrasten likar eg.
OPPSUMMERT
Så er det kanskje slik at hemmeligheten i livsgåta ligg i det enkle. Eg minnast sjølv somrane slik dei var før: Smak av salt sjø, lukta av gassbluss på hyttetur når egg skulle kokast til frukost og omsorga eg kjende i heimelaga saft på flaske. Det er noko med refleksjonane skodespelar Henrik Mestad dreg oss inn i, enten det er å sykle i nedoverbakke, ete ein is eller finne gleda over storslått teinetrekking longs kysten på Rubbestadneset. Han minnar oss på å sjå det store i det enkle. Men er me i ferd med å miste dette? Ein les stadig om ungdom som slit og statistikken for psykisk helse ser dyster ut for denne generasjonen.
Tradisjonelle verdiar, som i større grad gir rom for å stoppe opp og sjåa gleda i det enkle, har heldigvis dei siste åra vore i emning. Me er heldige som har scenekunst som kommenterer tidsånda vår og som minner oss på kva som eigentleg betyr noko - når alt kjem til alt.
Sjå stykket!
Tekst: Trude Vaaga, Tendens Foto: Øyvind Ganesh/Over Norge
Framsyningsperiode: 20.10 – 05.11. Tilrådd aldersgrense: Frå 13 år
Av: Duncan Macmillan og Jonny Donahoe.
Omsett av: Hans Morten Hansen
Bearbeiding av tekst: Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad
Regi: Bjarte Hjelmeland
Med: Henrik Mestad