Teater

 
 
 

M I N K E N N E T H
:
«Min Kenneth» er ei klok og varm forteljing om Bømlo sin store komponist. Skodespelar Sigurd Sele rakk ikkje heilt å bli kjend med Kenneth Sivertsen. Nå står han på scenen for å hylle den musikalske storebroren han aldri fekk, men som i staden glei vekk i sjukdom og rus. 

Sigurd Sele spelar på alt. Her er alvor og humor på ei og same tid. Me får servert eit spenn av tonar og kjensler. Det gjer vondt å høyre lyden frå plata ”Blod og bensin” og desto meir vakkert at det heile avsluttast med dei mjuke tonane i songen Draumespor. 

___

A V : Trude Vaaga
F O T O : Thor Brødreskift

 
 

 

K V A
:
Teaterkonsert om Kenneth Sivertsen. Med Sigurd Sele og band. Av Sigurd Sele og Aslak Moe.

S C E N E
:
Logen, Bergen sentrum. Varigheit: ca 1 time og 20 min.

K V E N
:
Sigurd Sele, 45 år, autodidakt. Har stått på scenen sidan han var seks år gamal. Født og oppvokst på Bømlo. Aktuell med «Min Kenneth» på Det Vestnorske Teater. Skal også medverka i «Heim 4» som har premiere på nyåret.

Kenneth Sivertsen er det største som har skjedd på Bømlo sidan Olav Trygvasson kristna oss! Det seier Sigurd Sele i framsyninga «Min Kenneth». Me tok ein prat med skodespelaren.

Ditt forhold til Kenneth? 
Kenneth var femten år eldre enn meg. Ei ledestjerne som har fulgt meg heile livet og som er ein direkte årsak til at eg i dag er musikar og skodespelar

Kva er visjonen med førestillinga «Min Kenneth»? 
Det ligg jo eit ynskje om å heidre Kenneth og musikken hans. Løfte det han skapte fram og prøve å vise at han var så mykje meir enn skandalene og avisforsidene som dei fleste hugsar han frå. Det ligg og eit ynskje om å fortelje noko om rus, avhengighet og val ein tek i livet sitt. Korleis ein brukar folk rundt seg og korleis ein kan øydelegga relasjonar.
Kenneth var komponist og klovn på same tid. 

Kva tenkjer du om nettopp det?
Det er jo det eg prøver å bøta litt på med denne forestillinga, løfte fram musikken hans. For den fortener å leva vidare, men då må den brukast og oppdagast av nye generasjonar.

Kan vi kalla Kenneth ein komponist, og kva særprega han?
Kenneth var sjangeroverskridande. Han hadde jo ingen formell musikalsk utdanning. Hans skulering begrensa seg til to år ved musikklina på Voss Folkehøgskule. Dette gav han jo eit heilt unikt utgongspunkt som komponist. Han var ikkje hemma av formspråk og reglar som fins særskild i den klassiske musikken. 

Han var ekstremt utålmodig og sprang frå prosjekt til prosjekt. Det var både ein styrke og ein svakhet. For det var veldig vanskeleg for publikum å få «tak» på artisten Kenneth. Så snart han hadde laga ei jazzplate, så gav han ut eksperimentell kammermusikk, og fulgte deretter opp med ei pop-plate, og vidare ein tur innom jazz igjen, for så å gi ut ei plate med bedehusmusikk. 

Dette var sjølvsagt vanskeleg for folk å forholda seg til. 

Kva tenkjer du om denne musikalske arva?
Den enorme katalogen han etterlot seg er så vakker og står seg voldsomt godt. Plata «Spør vinden» innheld til dømes berre klassiske komposisjonar for klassisk gitar i spansk tradisjon. Desse skreiv han som syttenåring på Voss Folkehøgskule. Når ein lyttar til den plata og dei enormt komplekse komposisjonane så er det smått utruleg at de kjem frå handa til ein så ung gut. Hadde han levd i dag så hadde han fått ein heilt anna status som komponist og hadde nok blitt kalla Noregs Mozart.