DET SOSIALE ROMMET
Ein har sett ei auka interesse for kunst og kultur her heime. Hardt arbeid blant leiarar, og eit tankesett om å aktivt invitere folk inn, har heilt klart næra denne veksten. Solrun Toft Iversen er av dei med tydeleg stemme for fellesskapet. Og nå er ho i posisjon til å invitere oss inn i det monumentale bygget på Engen med røter frå 1850.
Eit fellesskap kan verke slik at fleire vert inkludert og færre fell utanfor. Det fortel den nye teatersjefen på Den Nationale Scene, Solrun Toft Iversen, som framfor alt set seg som mål å gjere det sosiale rommet enno større.
SAMHALD: Toft Iversen er godt kjent for den faglege innsatsen sin i teaterverda. Det er likevel det reint menneskelege som får størst plass i sommarpraten vår. Krafta i fellesskapet, og evna me menneske har til å tone inn i dette fellesskapet, er det viktigaste verktøyet me har når truslar er nær, fortel ho. Og i ei tid med mykje uro, kor mange av oss kjenner på at heilt grunnleggande verdiar står på spel, kjennes det fint at sjefen for byen sitt store teaterhus heiter Solrun.
DET NÆRE: Ein treng ikkje ut i Europa for å oppleve dei store kunst- og kulturscenar lengre. Det skjer rett her, i byen vår, og med teatersjef Solrun Toft Iversen i førarsetet. Ho ser føre seg ei himling over samværet i teatersalen - den skal vere ei påminning om at me har meir til felles enn det som skil oss ad.
Den genuine interessa hennar for den sosiale kapasiteten som bur i oss alle er det som skal vere gjennomtrengande når godt teater skal utviklast på Engen. Teatersjefen ynskjer at publikum skal kome i kjenslemessig kontakt med det som rører seg i samfunnet og held fast ved at scenekunsten speler ei sentral rolle. Så har ho også ein god plan, tykkjer eg, for å nå ut til flest mogleg unge!
Du har ny jobb som teatersjef ved Den Nationale Scene. Korleis kjennes det?
Eg kjenner meg heldig og etter dei fyrste dagane på jobb kjenner eg meg også utruleg godt motteke. Mine medarbeidarar er dyktige, engasjerte og veldig varme i mottakinga si av meg som deira nye sjef. Eg er også glad for at lanseringa av haustrepertoaret vårt fekk så god respons. Eg tenker nok mykje på kva eg skuldar dei tilsette og korleis eg kan gjere ein god jobb for alle. Og så er relasjonen vår til publikum svært viktig for meg. Håpet mitt er at alle skal kjenne seg velkomne her. At dei kan oppleve DNS som sitt hus.
Kva tankar har du om teateret si rolle i ei tid med mykje uro? Og er det nærast ei plikt å kommentere samfunnet gjennom kunsten?
Eg trur dei framsyningane vi har valgt ut til hausten står i nær dialog med tida vår. Eit teater er ein bastion ein skal verne om i seg sjølv fordi vi forvaltar fridommen i å kunne gjere stemma vår gjeldande. Slik utgjer vi ein umisteleg arena for fellesskap. Men vi pliktar og i vårt repertoar å skape eit ressonanserom for nettopp desse kvalitetane. Vi skapar både oppleving, medvit , meiningsbrytning og refleksjon gjennom framsyningane våre. Dette ansvaret er tydelegare når tida er uroleg.
Dei som har fulgt deg gjennom karrieren veit at du set samhald i sentrum. Kva er krafta i dette fellesskapet som du skattar så høgt?
Eit fellesskap kan verke slik at fleire vert inkludert og færre fell utanfor. Det å bli eksponert for andre perspektiv og andre menneske gjer at vi kan famne skilnader betre, og såleis utvikle oss sjølve som einskilde menneske og som samfunn. Den medmenneskelege krafta i fellesskap er vår einaste sjanse mot truslar som nærmar seg.
Mange barn og unge kjenner på utanforskap og får ikkje til å prestera innanfor den ramma samfunnet har statuert. Kva tenkjer du om dette, og korleis kan ein som by bli betre her?
Det byrjar med kvar einskild av oss: Ved å tørre å møte blikket til einannan og å sjå etter dei som kanskje dreg seg unna merksemd. Vi treng også å støtte og heidre dei som jobbar med unge og som investerer i å gje dei gode vekstvilkår. Skule, kultur, fritid og helsemessig oppfølging er på mange måtar tenester vi tek for gjeve i vårt velferdssamfunn. Likevel ser vi at mykje av støtteapparatet og høve til utvikling står under press. Som kulturleiar vil eg slå eit ekstra slag for at kunstopplevingar skal utgjere ein mogelegheit og spegle seg på ein måte som ikkje er prestasjonsretta. Born og unge må få tilgong til det frå tidleg alder. Og så må vi – mellom anna på DNS - gjere oss umake for å ynskje dei velkommen inn.
Du har nyleg lansert programmet for teaterhausten. Kva framsyning tenkjer du at me treng mest akkurat nå?
Eg trur 1984 og Diktatoren vil skjære rett inn til kjerna av kva som står på spel i vår tid og med vidt ulike inngangar og uttrykk likevel peike på kva konsekvensar fortid har for notid og korleis framtida kan utvikle seg basert på vala vi tar. Men så vil eg også seie at eg allereie gler meg stort til å sjå mange aldersgrupper samlast til ei feiring av vennskap på tvers av skilnadar og julestemninga som finns i det uperfekte. Jul i svingen er ei framsyning som også treff dei unge vaksne. Eg håpar vi kan gje alle ei himling over samværet i teatersalen som minnar om at vi trass alt har meir til felles enn det som skil oss ad.
Så var det denne nynorsken! Vil du framleis nytta den i jobben din, og vil me enno til kunne oppleve heile teaterhuset i denne språkdrakta?
Shockheaded Peter vert spelt i Are Kalvø si omsetjing og eg vil framleis uttrykke meg med mitt eige målføre. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at fleire av våre nynorske dramatikarar vert med meg vegen opp bakken frå Det Vestnorske Teateret.
Av: Trude Vaaga, skribent Tendens. Foto: Sebastian Dalseide, DNS.